Stikkord

«Eg er det tilfeldige sin plan og meitemarken si reise» – Kurt Johannessen; teikningar, performance og artist books ved Agder Kunstnersenter 

I dag har vi vært på utstilling og sett performance-kunst av Johannessen. Vi ble en del av prosjektet » ETE «,  mulig resultatet blir å se i boken som er under produksjon.

Mitt første møte med Johannessen var gjennom barnelitteraturen. Boken han skrev har gjort varlig inntrykk. Jeg blogget endog om det 

Om utstillingen; produsert av Bergen Kunstmuseum og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design:

Utstillingstittelen «Eg er det tilfeldige sin plan og meitemarken si reise» er ei setning henta frå ei av Kurt Johannessens mange «artist’s books». Tittelen kan gi ein assosiativ inngang til kunsten hans, som er prega av både det langsame nærværet og av innfallsrike fabuleringar. Tittelen kan også vere eit bilete på korleis ei teikning blir til – korleis streken utfaldar seg på arket.

Den norske performancekunstnaren Kurt Johannessen (f. 1960) har teikna jamt sidan han først markerte seg tidleg i 1980-åra. Utstillinga fokuserer på teikning som handling gjennom eit utval av verk frå den omfattande kunstnarskapen til Kurt Johannessen.

Performancekunsten har gitt rom for ei reindyrking av teikninga som handling og prosess. Kunstnarar som i 1960-åra vende seg bort frå det konvensjonelle kunstobjektet til fordel for flyktige happeningar og prosesskunst, var trekte mot teikninga fordi ho er så direkte og gjennomsiktig – og fordi ho har den heilt spesielle eigenskapen at ho viser korleis ho sjølv blei til. Likskapen mellom teikninga og den performative verksemda kan summerast med eit sitat tilskrive Richard Serra: «Drawing is a verb.