Fra Universitetet i Stavanger: – Ingjerd Høien-Tengesdal disputerer for graden Dr.Philos ved Universitetet i Stavanger fredag 15. juni 2012. Høien-Tengesdal har forsket på ulike faktorer som er av betydning for utviklingen av god leseferdighet. Resultatene tyder på at lang tidsbruk ved lesing kan være tegn på lesevansker.

Høien-Tengesdals forskning viser også at det er fullt mulig å forbedre svake leseres leseferdighet betydelig ved å gi dem individuelt tilpasset opplæring, men for at opplæringen skal være effektiv må den bygge på grundige diagnostiske vurderinger av den enkelte elev.

Nasjonale prøver 2011 – fagmiljøenes analyse av prøvene: 

Dette er eit samandrag av dei tre analyserapportane frå gjennomføringa av nasjonale prøver hausten 2011. Det vart gjennomført nasjonale prøver i lesing og rekning på 5., 8.og 9. steget og i engelsk på 8. steget i grunnskolen.

Lesing 5. steget

Nasjonale prøver i lesing på 5. steget måler elevane si evne til å finne og tolke informasjon og til å reflektere over innhald og form i teksten. Prøva er forankra i kompetansemål for fag etter 4. steget der grunnleggjande ferdigheit i lesing er integrert.

Samandrag av analysen av leseprøva på 5. steget:

  • Prøva inneheld seks tekstar. Dette er tekstar som er typiske for ulike fag i skolen, og tekstane i prøva kan knytast til fleire fag, mellom anna til norsk, naturfag og matematikk. Prøva inneheld 29 oppgåver knytte til tekstane.
  • Resultata frå prøva viser at elevane i gjennomsnitt klarte 60 prosent av oppgåvene. 2011-prøva er litt lettare enn prøvene det siste åra.
  • Det er stort spenn i vanskegraden i oppgåvene. På den lettaste oppgåva svarer 93 prosent av elevane riktig, mens på den vanskelegaste oppgåva svarer 21 prosent riktig.
  • 76 prosent av elevane klarer alle oppgåvene til den lettaste teksten i prøva som er Korleis er det å leve i verdsrommet? Den vanskelegaste teksten i prøva er Ein elska konge – Håkon den gode, og det er 55 prosent av elevane som klarer alle oppgåvene til denne teksten.
  • Oppgåver der elevane skal finne informasjon, er litt lettare enn oppgåver som krev tolking og refleksjon. Innanfor kvar av dei tre aspekta er det aukande vanskegrad på oppgåvene. I kategorien ”Å finne eksplisitt framstilt informasjon” spenner vanskegraden på oppgåvene mellom 53 og 93, i kategorien ”Å forstå og tolke” spenner vanskegraden på oppgåvene mellom 21 og 92, mens oppgåvene i kategorien ”Å reflektere og vurdere” har vanskegradar mellom 43 og 85.
  • Dei opne oppgåvene er noko vanskelegare enn fleirvalsoppgåvene, men forskjellen er liten i årets prøve.
  • Jentene gjer det gjennomgåande litt betre enn gutane på prøva. Gjennomsnittleg klarer jentene 68 prosent av oppgåvene, mens gutane i gjennomsnitt klarer 65 prosent. Forskjellen er forholdsvis liten og er på same nivå som i 2010 og 2009.

Lesing 8. og 9. steget

Nasjonale prøver i lesing på 8. og 9. steget måler elevane si evne til å finne og tolke informasjon og reflektere over innhald og form i teksten. Prøva er forankra i kompetansemål for fag etter 7. steget der grunnleggjande ferdigheit i lesing er integrert. 

Samandrag av analysen av leseprøva på 8. og 9. steget:

  • Prøva inneheld sju tekstar. Dette er tekstar som er typiske for ulike fag i skolen, og tekstane i prøva kan knytast til fleire fag, mellom anna til RLE, naturfag og matematikk. Prøva inneheld 42 oppgåver knytte til tekstane. Ved omsetjing til nynorsk oppstod det ein feil i ei av oppgåvene, og denne oppgåva vart teken ut av resultatgrunnlaget.
  • Resultata frå prøva viser at elevar på 8. steget i gjennomsnitt klarte 62 prosent av oppgåvene, mens elevane på 9. steget klarte i gjennomsnitt 68 prosent av oppgåvene. Det er altså ein gjennomsnittleg framgang frå 8. til 9. steget på omtrent 6 prosentpoeng.
  • Framgangen i leseferdighet frå 8. til 9. steget viser seg først og fremst i at ein større del av elevane på 9. steget finst på dei to øvre meistringsnivåa (4 og 5), men også i at færre har så låg lesekompetanse at dei hamnar på dei to lågaste nivåa.
  • Den vanskelegaste teksten i prøva er Ungdom i arbeidslivet, og 46 prosent av elevane på 8. steget og 54 prosent av elevane på 9. steget klarte alle oppgåvene. Dette er ein informasjonstekst frå ei nettside i ein bank, men sjølv om teksten skal vere for ungdom, er han prega av den språklege stilen vi kjenner frå lovtekstar og forskrifter. I tillegg skal elevane her både tolke og kysskople opplysningar som er lista opp på nettsida.
  • Den lettaste teksten i prøva er derimot novella Deportert midt i frukosten. 74 prosent av elevane på 8. steget og 79 prosent av elevane på 9. steget klarer alle oppgåvene til denne teksten. Novella er skriven i eit lettfatteleg og konkret språk, og handlinga blir kronologisk fortalt. Ingen av dei sju oppgåvene stiller krav til avanserte tolkingar, og med unntak av to oppgåver ligg alle p-verdiane godt over gjennomsnittet for prøva på 8. steget.
  • Det er stort spenn i vanskegraden i oppgåvene. På 8. steget svarer 97 prosent av elevane riktig på den lettaste oppgåva, mens det på den vanskelegaste oppgåva er berre 20 prosent av elevane som svarer riktig.
  • Aspektet Finne informasjon har ein samla vanskegrad som er svært nær gjennomsnittet for prøva som heilskap. Forstå og tolke er gjennomgåande litt vanskelegare for elevane, mens Reflektere og vurdere kjem ut som det lettaste aspektet i årets prøve. I dei tidlegare nasjonale leseprøvene på 8. steget har refleksjonsoppgåvene vore dei vanskelegaste for elevane. Når oppgåver som krev refleksjon ser ut til å vere dei lettaste i 2011-prøva, kan det ha samanheng med at heile seks av dei ni refleksjonsoppgåvene er fleirvalsoppgåver.
  • Det er skilnad mellom kjønna i den totale skåren på prøva. På 8. steget klarer jentene i gjennomsnitt 65 prosent av oppgåvene, mens gutane i gjennomsnitt klarer 60 prosent av oppgåvene. På 9. steget klarer jentene i gjennomsnitt 71 prosent av oppgåvene, mens gutane i gjennomsnitt klarer 65 prosent.