Frå LNK-avisa «Maktforskyving frå barnebok til blogg, frå forfattar til bloggar vil være den største utfordringa for litteraturfeltet dei komande åra.»

Utfordringane for barnelitteraturen er folk flest, folk flest som ikkje har grunnleggjande kunnskap om barnelitteratur som fagfelt. Skal den nye barneboka overleve det digitale samfunnet vi har i dag, må ein ikkje skilje eller dele barnelitteraturen. Utfordringane er dei same anten ein skriv nynorsk eller bokmål.

Folk flest er opptekne av barnelitteraturen og har ei meining om han. Barnebøker representerer for mange symbolet på den idylliske barndommen, og ein ønskjer derfor ikkje at barneboka skal endre seg, i alle fall ikkje på ein slik måte at ho utfordrar, provoserer eller presenterer eit syn på verda som ein ikkje kan kjenne seg att i. Dei tradisjonelle barnebøkene har derfor ein usedvanleg sterk posisjon i samfunnet, særleg hos den middelaldrande generasjonen.