Fra Aftenbladet:

– Barnelitteraturen har lenge hatt ei offerrolle, men nå kan du knapt opna ei avis utan å sjå referansar til barnelitteratur. Og i førre veke hamna ei barnebok i spørjetimen på Stortinget, seier Ine Marit Torsvik Bertelsen. Kultur- og litteraturformidlaren jobbar som prosjektleiar for den store Nordiske barne- og ungdomslitteraturkonferansen «Maktens pluttifikasjon», som skal gå av stabelen i Stavanger i februar, i regi av Rogaland fylkeskommune. Ein barnebokkonferanse som, av alle ting, skal ta for seg makt, klasseskilje og brytingstid.

Synleg

For mens ein på litteraturfestivalen Kapittel i september hadde ein eigen debatt om barnelitteratur under overskrifta «Litteraturen ingen husker» – om at barnas eigen litteratur praktisk talt er gløymd av norske medium, meiner Torsvik Bertelsen situasjonen er omtrent motsett.

– Kulturminister Anniken Huitfeldt si bok om Gro Harlem Brundtland blei ei politisk sak. Det same blei Norges første splatterbok for barn, der skurken heiter Sivert Jensen og leiar Skrittpartiet, seier Torsvik Bertelsen.

Framstegspartiets kulturpolitiske talsmann Ib Thomsen bad førre veke kulturministeren gripa inn og hindra at boka blir kjøpt inn av Norsk Kulturråd fordi han meiner «partipolitiske barnebøker» ikkje bør subsidierast av staten. Han fekk nei.