Fra bloggen til Magfly fant jeg denne oppskrift. Jeg trur denne lua hadde vært super til meg … problemet mitt er bare at jeg ikke kan strikke …. Men tro meg jeg skal prøve …. jeg har lært dette året etter å ha jobbet med Pippi at ”Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert at jeg kan klare”. Lover dyrt & hellig blide av det ferdige produktet ….

Lua er inspirert av Åshild Irgens sine illustrasjonar til boka Tonje Glimmerdal av Maria Parr. Boka kan du mellom anna kjøpe her.

Garn: Lilla garn med strikkefastheit ca 17 m per 10 cm på pinne nr 4,5-5. Her er det brukt Free Style frå Dalegarn.
Pinnar: Rundpinne nr 4,5 og nr 5.
Storleik: Tonje (Tante Eir)

Legg opp 80 (90) m på pinne nr 4,5. Strikk brot med ei rett og ei vrang maske i 15 (17) omg eller 6 (7) cm. Strikk glattstrikk i 19 (21) cm.

Vreng lua, del maskene på to ulike pinnar og mask sammen slik du ville gjort på skuldra av ein genser. T.d. sy sammen, strikk saman ei maske frå frå kva pinne medan du feller eller fell fyrst og sy saman etterpå. Det siste ligg det ein instruksjonsvideo til her.

No skal lua sjå firkanta ut.

Sy ein frynsedusk i kvart luehjørne. Sy gjennom hjørnet med dobbelt tråd ca 6-7 gongar og knyt godt rundt. Det er viktig at dusken ikkje vert for tung. Då står ikkje frynsene oppover.