Mitt føste e-intervju …. i Pirion som er ei kulturavis for deg som jobbar i barnehage og småskule. Yrke: Kunstnarisk leiar i Maktens pluttifikasjon, Den nordiske barne- og ungdomslitteraturkonferansen

Kvifor er du så oppteken av barnebøker?

Lesedugleik er ein føresetnad for å oppretthalde demokratiet. Barne- og ungdomslitteratur er eit av verkemidla for å styrke lesekompetansen i befolkninga, både hos barn og vaksne. Det finnest så mange perler blant litteraturen, som så få kjenner til. Eg ønskjer å formidle dei til barn. Inga glede er større, eller viktigare enn å lese nye bøker for barn.

Kva kvalitetar skal ei barnebok ha for å vere god for barn?

Opplevinga av å lese/høyre ei bok er individuell, så kva for kvalitetar som gjer ei bok god varierer frå barn til barn. Derfor er det viktig at eg som litteraturformidlar kjenner dei fleste barnebøkene som kjem ut, slik at vi finn den rette boka til det rette barnet.

Ein gong sa du at biblioteka burde slutte å ha Pippi og Emil i hyllene sine. Kvifor meiner du det?

For meg handlar det om å formidle ny litteratur til barna. Lesedugleiken blir styrka med meir lesing. Det er ikkje likegyldig kva du les,  valitet er viktig.

Kan Facebook, nettspel og chattekanalar gjere at det ikkje er bruk for bøker meir?

Ja, sjølvsagt kan nettet erstatte barne- og ungdomslitteraturen. Feltet barne- og ungdomslitteratur er i dag ikkje eit prioritert område verken av media, foreldre eller skulesektoren og vil då vere meir utsett for å bli erstatta enn for eksempel vaksenlitteraturen.

Er det nokre nye trendar innan barnelitteratur vi snart blir kjende med?

Slik eg ser det er det helt klare teikn på at den gode barneboka, slik vi kjenner ho i dag, på sikt vil forsvinne. Barnebokmarknaden er i dramatisk endring.

 Kva er di beste leseoppleving?

Då eg las biletboka «Forteljinga om jakta på forteljinga» av Bjørn Sortland (1995) opna det seg ei ny verd for meg. Sidan den gong har eg lese dei fleste biletbøkene som har kome ut.

Vil du anbefale ei barnebok som vil gje oss ei heilt spesiell oppleving?

Eg vil anbefale biletboka «Bilder av folk» som er kåra til verdas vakraste bok, skrive av Blexolex. Boka framstår som veldig annleis enn  et meste anna eg har lese, men opplevinga av å lese ho med barn i ulike aldrar er unik.

God lesing.