Det er slett ikkje sikkert Skarstein har nokon meisterplan for kva Nasjonalbiblioteket skal bli, men på få år har Nasjonalbiblioteket fått ei tyngdekraft som dreg til seg jamt fleire funksjonar.

Sidan 2005 har institusjonen vore leverandør av offisielle norske forfattarjubileum. I fjor tok institusjonen over den digitale Språkbanken før dei som hadde drive fram prosjektet, heilt forstod kva som skjedde.

Det blei tidleg tydeleg at nasjonalbibliotekaren var svært kritisk til både ein del av det ABM-utvikling gjorde på bibliotekfeltet og sjølve konstruksjonen ABM-utvikling. I lengre tid var det eit spent forhold mellom desse to statlege forvaltningsorgana.

No er ABM-utvikling snart blitt ABM-avvikling, og bibliotekdelen går til det meir kostnadseffektive Nasjonalbiblioteket. Skarstein takkar neppe nei til arkivdelen heller, i tilfelle nokon spør.

Då det digitale leksikonet Store Norske blei råka av røynda i vinter, snakka einkvan Nasjonalbiblioteket inn i debatten om kven som no burde gjere kva. For få veker sidan sa Kulturdepartementet at Nasjonalbiblioteket fekk lov til å vurdere kva det kan gjere med leksikonet, men utan ei krone ekstra frå staten.