Stikkord

Så bra … kan ikke annet enn å smile ….

Ja, de les rett, det er ei bok for barn om tidlegare statsminister Gro. Dette er iallfall ganske freidig gjort av Huitfeldt. Barn i dag har vel eigentleg ingen stor interesse for ein avdanka statsminister frå 1980-talet. Dei har vel knapt høyrt om ho, og historieinteressa har nok ikkje vakna hjå dei fleste.

Og den som får seg til å skrive barnebok om Gro er barne- og familieminister Anniken Huitfeldt som har ansvaret for den nye ekteskapslova, ei lov som i mange tilfelle fråtek barnet sin eigen far. Dette er ei lov som angrip barna fundamentalt. Barna skal ha rett til kjenna sin eigen far og mor frå dei kjem til verda.

Boka kan ha eit innhald som i beste fall ikkje egnar seg for barn. Det er nærliggjande å tru at Anniken Huitfeldt, som politikar i framståande posisjon, utnyttar dette til å «påverke» barn.