Stikkord

men eg synest ikkje det lovar godt for Leseåret 2010 at Pisk- og gulrot-biblioteket i Asker kvar månad gjennom heile året loddar ut ein London-tur blant dei av biblioteksbrukarane som har orka å lese ei heil bok.

Agnes Ravatn, forfatter

Kvifor les folk? Kva kan ein oppnå ved å lese bøker utanom å kanskje vinne ein tur til London?  ein lese for å leve eit fullverdig liv? Kva har vel ei bok nokon gong gjort for nokon? Kva går ein eigentleg glipp av dersom ein lar vere å lese bøker?

Slike spørsmål, og liknande, kan ein gjerne stille seg. Og ein må vere ærleg: det finst mange dårlege bøker. Og det finst mange dumme forfattarar. Det verste med å bli forfattar sjølv, var å møte andre forfattarar og oppdage kor dumme dei var. Og dette hadde eg ein liten mistanke om på førehand, for eg tenkte: dersom eg kan bli forfattar, kva slags opptakskrav er det eigentleg ein opererer med?!? Alt er ein variasjon over Groucho Marx’ berømte ord: ” I don’t care to belong to any club that will have me as a member».