Eg ynskjer ofte når eg fredlaus vankar

å gå til deg med all min saknad att,

å skrifta alle mine løynde tankar

til deg ei klår og kveldblå stjernenatt.

I einsemd gjeng eg. Sorgkvalt vinden svallar

i lauv og lyng på haustbrun engjebø.

Ein vindal kveld til kvils meg kallar

og bylgjor skvalar kring ei steinut stø.

Eg lengtar etter deg. Og hausten rodar

i gulbrun bjørk og osp i rust og lid.

Det fargebrenn og logar yver moar

med klåre fjelldrag inn i himlen skrid.

I stjernenæter kjem ei ettergløding

fyrr hausten svanar i eit anna år.

Me eig ein løyndom saman. Gjenom bløding

skal tida sona alle slegne sår.

Olav H Hauge