Eg sit igjen med inntrykket av at bokåret 2009 var eit mangfaldig og veldig jamt år, der mange forfattarar kom med solide bøker. Eg skulle ha ønska at mangfaldet i bokåret hadde kome meir fram i debattar. Gjennom bokåret finst det noko som passar for alle, og det er like viktig som at ikkje alt skal passa for alle.

av Ingelin Røssland

Romanar og forteljingar er det beste eg veit. Mens dei som skriv for vaksenfolket diskuterer om romanen er død, så lever den heldigvis i beste velgåande her i vår krok av litteraturen. Eg hadde mange gode leseopplevingar, eller ”good reads” som det heiter på nynorsk i 2009. Les mer på hjemmesiden til NBU