27. mai er det 150 år siden Margrethe Munthe ble født. Det skal feires blant annet med ei ny bok om henne. Margrethe Munthe er av ettertida sett som den fremste eksponenten for den moraliserande dikttradisjonen for barn. Som barnesongar er dikta hennar blitt allemannseige.

Munthes gav ut fire barnekomediar. Aase fiskerpike er eit skodespel i tre akter, skrive i versform og med 14 innlagde songar. Stykket vart i første omgang refusert av teateret, men kom i staden ut som bok 1912, vakkert illustrert av Andreas Bloch. Askepot og Den nysgjerrige kone er enklare stykke; Askepot vart oppført som opningsforestilling ved Inga Bjørnsons barneteater 1922. Då dei to stykka kom ut 1917, var boka illustrert av Margrethe Munthes 15 år gamle slektning Per Aabel.