Eit av dei store måla med Leseåret 2010 er å få fleire grupper til å byrje å lese. – 30 prosent av vaksne forstår ikkje innhaldet i det dei les. Det må me ta på alvor, seier Ine Marit Torsvik Bertelsen.

Bertelsen er tilsett i Rogaland fylkeskommune som litteratur – og kulturformidlar. I tillegg er ho blant anna leiar for litteraturpolitisk utval i Norsk Bibliotekforening og ein av initiativtakarane bak Leseåret 2010. 

– Målet er å få til ein heilskapleg lesepolitikk.  Det blir viktig å få fram alle dei gode eksisterande tilboda me har, og samstundes klare å samarbeide tverrfagleg, slår ho fast og viser til eit leseprosjekt i Oslo – og Akershus hotell og restaurantarbeiderforening. Les meir