Kanskje er det berre éin ting som er verre for biblioteka enn forfattarane, og det må vere lånarane. Og truleg har biblioteka berre seg sjølve å takke. Det burde vere unaudsynt å påpeike at å by kundane sine gratis produkt, er det same som å be om bråk. Ikkje berre vil eit slikt tilbod tiltrekke seg hordar av menneske, ei salig blanding av alt frå fattiglemmer til ulovlege innvandrarar til bystyrerepresentantar, det vil også indirekte antyde at den som står for tilbodet, ikkje har særleg mykje sjølvrespekt. Den som ikkje respekterer seg sjølv, er det ingen andre som respekterer heller. Kvifor meiner så mange at det er eit gode, og ikkje eit problem, at biblioteka leverer ei gratis teneste? Blir ikkje biblioteket på det viset den patetiske barneskuleeleven som prøver å kjøpe seg venner: Ta denne boka! Ta fleire! Du kan få ta så mange du vil!

Og biblioteket gir seg aldri, i strevet etter å tilfredsstille lånarane sine: Bøker er ikkje godt nok lenger? Då skal de få musikk! Musikk er ikkje bra nok, seier de? Då skal de få film! Ikkje godt nok? Nei vel, då skal de få dataspel! Ingen kan få respekt på denne måten. Dei snillaste av lånarane synest dei gjer biblioteket ei teneste ved å låne materiale, for på den måten å bidra til å halde oppe det kunstige bibliotekstilbodet, på same måte som det fanst elevar som hjalp klassens mobbeoffer gjennom dei verste dagane, berre for å bli mobba kraftigare neste dag. les mer: